Viktig informasjon om skogfondet for nytt år
Her kjem informasjon om skogfond på nyåret:
Skogfondssystemet er no klart slik at de kan føra refusjonskrav i ØKS, men:
• Vent med saker med tilskot til vi har bytt rekneskapsår (etter 31.jan).
• Utbetaling frå rentemiddel kan ikkje utbetalast før rentemiddelbudsjettet til den enkelte kommunen er godkjent.
Virkesdata/forsending 2022-1 er klar for godkjenning i ØKS
• Vi ønsker at de godkjenner sendingane så fort som mogleg. Vi får ikkje bytt rekneskapsår før alle kommunane har godkjent.
• ØKS -->Virkesdata -->Forsendelse --> Søk
Kontovedlikehald
• Kontovedlikehald må vera på plass før utsending av kontoutskrifter. ØKS --> vedlikehald --> Skogfondskonto --> Søk
• Ta kontakt med Inger Sofie eller Miriam på fmvtskogfond@statsforvalteren.no dersom de treng hjelp til å endra eigedom eller anna.
Kontoutskriftene vil bli sendt elektronisk frå Altinn
• Den elektroniske utsendinga gjer Statsforvaltaren når årsoppgjeret er ferdig (siste frist 31. jan).
• Kontoutskrifter som IKKJE kan sendast til Altinn, skal sendast per brev av kommunen. De vil få nærare beskjed om korleis dette skal gjerast.