Utvalt kulturlandskap på film, bilete og ord
Sett av onsdag 3. april! Vi inviterer alle interesserte til premiere på filmen om det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vil også bli fotovisning ved landskapsfotograf Oscar Puschmann og foredrag ved forskar Ann Norderhaug om dei rike kvalitetane i kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. Dette blir ein festaften for kulturlandskapa våre!
Satsinga på dei utvalde kulturlandskapa er eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene om å ta vare på nokre av våre verdifulle og representative kulturlandskap i Noreg.
Ved inngangen til 2019 tel det i alt 41 område som er med i satsinga. I Vestfold og Telemark har vi tre område i satsinga. Hjartdal og Svartdal kom med blant dei utvalde områda i 2017. Dette grunngjevast mellom anna med store og bevarte verdiar knytt til kulturmiljø og naturverdiar i aktive og tradisjonelt drivne jordbruksområde. Formidling er ein viktig del av satsinga, og med eit mål om å gje oss nærheit, opplevingar og ansvar for desse områda. Samstundes gir satsinga moglegheit for mange lokale tiltak som fremjar verdiane i landskapet.