Rapporten om borkbilleovervakinga i 2024 er lagt ut
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sin rapport med resultat frå borkbilleovervakinga i 2024 er publisert. Telemark er eitt av tre fylke kor fangstane med granborkbiller auka i fjor.
Rapporten frå NIBIO er sendt pr. e-post til alle kommunane som er med i borkbilleovervakinga. Den er òg publisert på nettsida til NIBIO. Vi anbefaler å lese rapporten, som inneheld mykje nyttig informasjon og interessante vurderingar.
Høgaste fangstar på 25 år i Telemark
I Telemark er det 14 fangststadar fordelt på sju kommunar. I 2024 vart det fanga i gjennomsnitt 16 131 biller i kvar felle i Telemark. Sjølv om det er den høgaste gjennomsnittsfangsten som er rapportert på meir enn 25 år, er fangsten under den anslegne terskelverdien for «middels risiko for omfattande borkbilleskade» på 20 000 biller. Terskelverdien for «høg risiko for omfattande borkbilleskade» er 30 000 biller i gjennomsnitt per felle.
Når rapporten presenterer gjennomsnittstal for heile fylke, vert lokale skilnadar kamuflert. Fangsttal frå den einskilde kommune (kjem ikkje fram i rapporten), viser at gjennomsnittsfangstane har gått ned i alle kommunar i Telemark, med unnatak av Hjartdal.
Hjartdal med dei høgaste fangstane i landet
I Hjartdal er det tre fangstlokalitetar kvart år, og i 2024 vart det i gjennomsnitt fanga heile 38 250 biller per felle i Hjartdal. På lokaliteten med flest biller, vart det i gjennomsnitt fanga 76 875 biller! Det er ein av dei høgaste fangstane som nokon gong er registertert i barkbilleovervakinga.
Det er truleg fleire faktorar som har slått til på ein gong og forårsaka ein slik enorm fangst. Svært mange borkbiller må ha overvintra i nærleiken av fellene. Kommunen observerte store skadar på ståande skog i lia nær fellene. Fellene stod på ei heilt fersk hogstflate i ei sørhalling 305 meter over havet, der temperaturen truleg var svært gunstig for sverming rundt midten av mai. Allereie då fellene vart tømt for fyrste gong 21. mai, var det 35 000 biller i kvar felle der. Kan hende var grantrea i nærleiken i stor grad tørka ut, slik at feromona i fellene hadde ekstra stor tiltrekkingskraft.
Toppen er truleg nådd
Forsking på data frå borkbilleovervakinga viser at populasjonstoppane for borkbiller kjem omtrent tre år etter ei hendig som har gitt mykje svekka granskog, som tørke eller vindfellingar. For alle andre kommunar enn Hjartdal, var fangstane i 2023 høgare enn fangstane i 2024. Hjartdal skal i teorien ha nådd sin topp i 2024. Utviklinga framover vil mellom anna avhenge av vêrforholda. Ein tørr og varm forsommar vil vere gunstig for borkbillene, samstundes som det kan svekke grantrea, medan ein kjølig og fuktig forsommar vil vere negativt for billene og positivt for granskogen.
Skogeigarane må framleis følgje med
Skogeigarar i Hjartdal, Tokke og andre områder som vart treft av stormen i 2021 har sett mykje granskog døy av billeangrep dei siste to åra. Det beste rådet til skogeigarane er framleis å vurdere hogst av frisk granskog nær skog som er angripen av borkbiller. Planlegging og gjennomføring av hogst tek tid, og når billene først har angripe ei gran, er det eit kort tidsvindauge før tømmeret mistar sin verdi som ferskt virke. Beskjeden til skogeigarane må difor vere å bestille hogst så tidleg som råd.