Marin forsøpling: Nå kan du søke om støtte
Planlegg du å rydda avfall langs strender eller på sjøbotnen i 2021?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sidan 2015 har miljøstyresmaktene gitt økonomisk støtte til prosjekt som bidreg til opprydding og førebygging av marin forsøpling i Noreg.
Kva kan det søkast tilskot til?
Miljødirektoratet gir økonomisk støtte til tiltak mot marin forsøpling. Store, samordna prosjekt som sikrar regional og nasjonal organisering av ryddeaksjoner har høg prioritet i 2021, men det kan òg søkast om førebyggande tiltak og mindre oppryddingstiltak langs kysten og vassdraga.
Kven kan søka?
• Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftelsar registrert i einingsregisteret.
• Private verksemder som ikkje er enkeltpersonføretak.
• Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd.
Søknader frå ikke-søkeberettigete aktørar vil ikkje bli vurdert.
Slik søker du
I år kan du søka om tilskot til større prosjekt som varer fram til mars 2023. I tillegg kan du søka om tilskot til prosjekt som skal avsluttast i 2021 eller 2022.
Søknad om tilskot skal sendast til Miljødirektoratet gjennom det elektroniske søknadssenteret.
Søknadsfrist er 20. januar 2021 kl. 23:59.
Les meir om ordninga på heimesida til Miljødirektoratet.
Henvendelser kan sendes til: tilskuddmf@miljodir.no