Tildeling av tilskot – marin forsøpling
Norges Jeger- og Fiskerforbund Telemark (NJF Telemark) og Oslofjorden Friluftsråd (OFS) har fått tilskot til tiltak for marin forsøpling frå Miljødirektoratet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
NJF Telemark har fått eit tilskot på 355 000 kr til tiltak til rydding av marin forsøpling i samarbeid med dei lokale foreiningane. Tiltaka vil vera både ved kysten og langs dei store vassdraga som er ei kjelde til marin forsøpling.
Oslofjorden Friluftsråd har fått eit tilskot på 3,4 millionar til eit krafttak for ein reinare Oslofjord. I tillegg har ei rekke nasjonale organisasjonar og foreiningar fått tilskot som også vil komma fylket vårt til gode. Totalt er det delt ut middel til 40 ulike prosjekt etter at Miljødirektoratet fekk 90 søknader. Det er delt ut til saman 60 millionar kroner.
Statsforvalteren har som oppdrag å legga til rette for eit samarbeid mellom aktørane i regionen. Tilskotsmottakarane har eit ansvar for å sikra at opprydningstiltak er koordinerte opp mot andre oppryddingsprosjekt i same region.
Miljødirektoratet har i årets vilkårsbrev gitt føring om at prosjekt som har fått tilskot til opprydding i område som overlappar geografisk med andre aktørar, må gjera seg kjend med kva område dette gjeld. Dette inkluderer aktørar finansiert av Miljødirektoratet og andre finansieringskjelder som t.d. Handelens Miljøfond (Rydd Noreg-prosjekt).
Det er òg sett vilkår om at prosjekt som får støtte til opprydningstiltak i eigen regi, som eit minimum skal registrera mengde avfall som er samla inn og strekning rydda på nettstaden Rydde. I tillegg oppmodar vi til å registrera meir detaljerte data om avfallet der dette er formålstenleg.
For prosjekt som planlegg å rydda i verneområde er det gitt føringar om at dei må ta kontakt med forvaltningsstyresmakta (Statsforvalteren eller anna lokal forvaltningsstyresmakt) før tiltaket kan setjast i gang. Dette skal sikra at forvaltningsstyresmakta er orientert om kva tiltak som går føre seg og har moglegheit til å gi føringar for gjennomføringa.