Vrakpant til 13 000 båtar i 2020
Vrakpant på fritidsbåtar er med på å redusera forsøpling i naturen. Over 36 millionar kroner har vorte utbetalte sidan ordninga starta i 2017.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Du kan få utbetalt 1000 kroner i tilskot når du leverer fritidsbåten til eit lovleg avfallsmottak som båtvrak.
Det er Miljødirektoratet som har ansvar for at mottaka og båteigarane får utbetalt tilskot.
– Målet med tilskot til båtvrak er å redusera forsøpling og forureining av farlege stoff i naturen. I tillegg kan tre- og plastmaterialet i båtane materialgjenvinnes eller blir brunne og gi energi. Det er derfor utruleg fint å sjå at så mange har valt å levera inn båtvraka sine, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Les meir om kva som inngår i ordning og korleis ho fungerer på heimesida til Miljødirektoratet.
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding