Vellukka gjenbruk av Statsforvaltarens møblar
I løpet av dei siste månadene har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gitt bort mange møblar frå sine gamle lokale.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Årsaka er at Statsforvaltaren etter samanslåinga av embeta har flytta over i nye, plassbesparande kontorlandskap. Nokre av møbla vart med over i nye lokale, og det vart samstundes lagt ned ein målretta innsats for å leggja til rette for gjenbruk.
Utstyr frå a til å
I forkant av flyttinga ble informasjon om tilgjengeleg utstyr og møblar lagt ut på Statsforvaltarens nettstad- og sosiale medier, og innan kort tid starta telefonar og e-postar å strøyma inn. Alt frå kommunale-, offentlege- og private verksemder, skuler, idrett- og historielag og Ukraina-aksjonen, til privatpersonar har vært innom lokala våre i Skien eller Tønsberg. Det som har vorte donert vekk har til dømes vore skrivepultar, møteromsmøblar, stolar, bord, kontorrekvisita, PC- og LCD skjermar samt bokhyller og reolar.
Gjenbruk gir ein gevinst i kommunekassa
Signo grunn- og vidaregåande skule i Sandefjord kommune, seier dei er takknemlege for strategien med gjenbruk: «Personalrommet vårt hadde nedslite møblar - og no verkar rommet som nytt med fine bord og stoler», seier administrativ leiar, Anne Waal Søyland. «I desse koronatider passa det òg veldig godt at vi kunne overta store møtebord for å kunna legga til rette for god avstand mellom møtedeltakarar. Det har vorte så fint!»
Fleire av møblane fann òg vegen til Sem skule i Tønsberg kommune. Rektor Nina Myklebost meiner at møblane har fått nytt liv hos dei. «Vi har fått flotta ventemøblar både utanfor administrasjonskontora og kontoret til helsesjukepleiar, stå- og møtebord, rektor sitt kontor er oppgradert og ikkje minst har SFO fått to fine sofagrupper der dei koser seg masse».
På Kjørbekkhøgda skule som ligg i Skien kommune vart møblane brukt til fellesrom for elevane, ny sosial sone på SFO og oppfrisking av kontorplassar for lærarane. «Som eit friskt pust til elevar og lærarar- som er strålande fornøgde», seier rektor Tord Auensen.
Dette støttes av Sten Rune Sannerholt, rektor ved Gimsøy skule som seier dei er takknemlege for bidraget frå Statsforvaltaren- «Vi har innreda fleire administrative kontor, biblioteket er oppgradert vesentleg i form av møbler og planter, alle møterom har fått nye møblar, og elevane har fått ny stor sofa og diverse møbler til den sosiale sona som dei er storfornøgde med». Nokre heve-senkepultar har også funne vegen ut i barnehagane i Skien kommune.
Andre nøgde nye brukarar er Holtane vel og båtforeining, Kollmyr skule, Midtløkken skule, Klyvetunet bo- og servicesenter og Tjøme historielag.
…. og ein gevinst for klima
Gjenbruk har fleire fordelar for klima-, miljø og berekraft. Det sparar energi, avgrensar forureining, vernar om naturverdiane og reduserer klimagassutslepp. Når produkt får lang levetid gjennom reparasjon og ombruk, eller når materiale gjenvinnes og kan vera råvarer i ny produksjon, nyttast dei ressursane fleire gonger, sokalla sirkulærøkonomi. Noreg har gjennom Parisavtala forplikta seg til minst 40 prosent utsleppskutt innan 2030. I Regjeringas nye plan for korleis vi skal no klimamåla, er sirkulærøkonomi ei av nøklane for å redusera utslepp av klimagassar.
For å oppnå dette må vi arbeida med bevisstgjering og haldningsendring bort frå «kjøp og kast» og over til «bruk og del». Da må vi – som ei statleg verksemd gå føre som eit godt døme ved å leggja til rette for ombruk, seier klimakoordinator Mari Nordal hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Statsforvaltaren har i år eit særskilt oppdrag med omstillinga til eit lågutsleppsamfunn og oppfølging av FNs berekraftsmål. Ein strategi om gjenbruk reduserer utslepp og støttar samstundes opp om berekraftsmåla "Ansvarleg forbruk og produksjon", "Stoppa klimaendringane" og "God helse". Dette er tema som både stat, kommunar og fylkeskommunar har jobba målretta med i fleire år. «Vi håpar derfor at vår positive erfaringa med å leggja til retta for ombruk, kan vêra til inspirasjon for fleire», avsluttar Mari Nordal.
Vil du vita meir?
Informasjon om regjeringas strategi, den nye stortingsmeldinga om klima, kunnskapsgrunnlaget for den nye klimaplanen for 2021-2030, finn du i menyen til høgre.
|
|
|
|
Kontaktpersoner
-
Jan Erik Glad
Tlf: 33 37 11 29 / 48 86 60 35 -
Mona Helen Stavang
Tlf: 35 58 61 42 / 92 69 26 00