Vil du søkje om tilskot til å ta vare på naturen vår?
Det er no mogleg å søkje om statleg tilskot for å betre miljøtilstanden i Noreg. Søknadsfristen er 15. januar og ein søkjer gjennom Miljødirektoratets søknadssenter.
Du kan søkje om støtte til å ta vare på trua artar og naturtypar, pollinerande insekt, kulturlandskap, vassdrag, fisk, lokale vilttiltak og tiltak mot framande artar. Målgruppa for søknadsordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, privatpersonar, landsdekkande organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Nokre eksempel på tiltak er:
- Skjøtsel og vedlikehald, som til dømes slått av slåttemark, tilrettelegging for beite på naturbeitemark, tiltak som hindrar gjengroing eller fjerning av framande artar.
- Konkrete tiltak for enkelte artar, slik som flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.
- Tiltak som krev tilpassa bruk på areal som inngår i drift av eit landbruksføretak, eksempelvis inngjerding av trua artar.
- Kartlegging og overvaking i tilknytting til tiltak.
Rundskrivet (lenke i menyen til høgre) gir orientering om tilskotsordningane og kva det er mogleg å søkje på.
Korleis søkje:
Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkjer og finne informasjon om søknadsprosedyren saman med omtale av dei enkelte tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til, skal også skje gjennom søknadssenteret.
Søknadsfrist:
15. januar 2022
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Kven kan søkje:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar kan søkje om økonomisk stønad for å betre natur- og miljøtilstanden i fylket
Kontakt oss
Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding