Aldri har interessa for vern vore større!
Ordninga med frivillig skogvern gir resultat! Rekordmange 31 område er dei siste månadene meldt inn av grunneigarar til frivillig vern, og 26 skal til naturfaglege undersøkingar denne våren. I tillegg går heile åtte område i Vestfold og Telemark til endeleg vern i statsråd i juni.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
- Eg har aldri opplevd maken til interesse, fortel seniorrådgjevar hos Fylkesmannen Odd Frydenlund Steen. – 31 område er melde inn. Av desse går 22 område i Telemark og 4 område i Vestfold vidare til naturfaglege undersøkingar i 2020. Det er rekord!
Ekspertar sjekkar områda
Naturfagleg undersøking betyr at ekspertar kartlegg områda for biologiske kvalitetar, før Fylkesmannen eventuelt går vidare med verneprosess. Rapportane for dette arbeidet vil vera klare april/mai 2021. Områda må oppnå ein viss verdi for at ein skal jobbe vidare for eit varig vern, anten såkalla regional eller nasjonal verneverdi.
Halvvegs til målet
Samarbeidet om frivillig vern av privateid skog starta i 2003-2004, og har vorte ein suksess. I desember 2019 var om lag 610 skogområde i Noreg verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane, der grunneigarane får ei erstatning for arealet dei har gitt får seg til vern. Dette utgjer 5 % av skogarealet, det vil seia at ein er halvvegs til vedtatt mål om 10 % verna skog her i landet. I juni vil det koma mange nye vernevedtak.
Åtte område til vedtak i juni
Vestfold og Telemark hadde tilrådd ti område for vernevedtak no i juni, men åtte går til vernevedtak fordi forhandlingane om erstatning ikkje er ferdigstilt for to av områda. Desse vil koma med i neste vernerunde i desember.
– Likevel ligg vi i Vestfold og Telemark under landsgjennomsnittet i verna skogareal, fortel seniorrådgivar Linda Myhre, som også jobbar med frivillig skogvern. -Så difor er det ekstra gledeleg at det no er såpass mange nye område i sving.