Høyring om forslag til forskrift om jakt- og fangsttider
Utanom høyring av forslag til forskrift om jakt- og fangsttider, sender og Miljødirektoratet ut høyring på sanking av egg og dun for jaktsesongane frå og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 27.05.2021
Miljødirektoratet foreslår og å oppheva eller avgrensa jakta på fleire artar grunna nedgang i bestanden. Dette er storskarv, svartand, ærfugl, heilo, gråtrost og rødvingetrost. Nedgangen i bestanden for ærfugl er òg bakgrunnen for forslaget om å oppheva moglegheita til å sanka egg frå denne arten.
Du kan seia din meining direkte frå nettsida til Miljødirektoratet. Her ligg og meir informasjon om saka.
Frist for å gje fråsegn er 15. oktober 2021.