Koronapengar til kommunane
Fylkesmannen har fordelt 79 millionar kroner til kommunane i fylket. Pengane skal dekke ekstrautgifter og tap av inntekter knytt til utbrotet av Covid-19.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
15,6 millionar korona-kroner blei fordelte før sommaren. No blir ytterlegare 78,7 millionar kroner fordelte. Fordelinga er gjort med atterhald om Stortingets handsaming av Prop. 48 S.
- Beløpet er monaleg lågare enn det samla meirbehovet Fylkesmannen meldte inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kommunane kan derfor ikkje rekne med å få dekt alle sine meirutgifter og mindreinntekter knytt til pandemien, seier fylkesmann Per Arne Olsen.
Midlane er fordelte etter føringar frå regjeringa. - Det betyr blant anna at vi har lagt vekt på smittetrykket i den einskilde kommune, oppfølging av smitteutbrot, utgifter til smittevern og testing, andre koronarelaterte kompensasjonar og innsparingar og reduserte inntekter. I tråd med oppdraget frå regjeringa har vi til sist hatt eit «helhetlig blikk på situasjonen kommunane står i», seier Per Arne Olsen.
Utgiftene til kjøp av smittevernutstyr varierer monaleg mellom kommunane. Det har blant anna samanheng med at prisane i desse marknadane har variert svært mykje i år. Larvik kommune har monaleg høgare utgifter til kjøp av smittevernutstyr enn samanliknbare kommunar. Den høge tildelinga til Larvik er grunngjeve i dette.
Mange kommunar har svært få smitta. Dei har likevel hatt meirutgifter til mellom anna smittevern og testing. Alle kommunar får derfor eit minstebeløp.
Tabellen syner den kommunevise fordelinga av midlane.
Kommune |
Sum midlar som blir fordelte no |
Sum korona-relaterte skjønns-midlar i år |
Horten |
5 300 177 |
6 307 183 |
Holmestrand |
5 844 994 |
6 754 359 |
Tønsberg |
9 619 671 |
11 692 260 |
Sandefjord * |
12 783 307 |
15 130 963 |
Larvik |
13 289 425 |
15 027 377 |
Porsgrunn |
6 613 076 |
7 953 137 |
Skien |
8 919 082 |
10 941 930 |
Notodden |
1 289 900 |
1 770 337 |
Færder |
5 099 974 |
6 084 116 |
Siljan |
277 383 |
377 383 |
Bamble |
1 970 434 |
2 488 130 |
Kragerø |
1 010 272 |
1 392 442 |
Drangedal |
449 431 |
598 912 |
Nome |
1 273 634 |
1 513 502 |
Midt-Telemark |
1 422 317 |
1 806 843 |
Tinn |
1 043 615 |
1 253 146 |
Hjartdal |
228 797 |
328 797 |
Seljord |
562 798 |
669 128 |
Kviteseid |
430 537 |
530 537 |
Nissedal |
212 888 |
312 888 |
Fyresdal |
228 203 |
328 203 |
Tokke |
377 012 |
477 012 |
Vinje |
480 073 |
615 415 |
Sum |
78 727 000 |
94 354 000 |
*Inkl. 300 000 til Sandefjord for felles beredskapslager.