Ny assisterande statsforvaltar
Fred-Ivar Syrstad (53) frå Tønsberg er tilsett som ny assisterande statsforvaltar i Vestfold og Telemark.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 17.03.2021
Syrstad har lang fartstid i embetet. Han har tidlegare mellom anna vore plansjef, prosessvegleiar for kommunereforma og er i dag fagdirektør. Syrstad er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo.
Syrstad tiltrer stillinga 1. juni 2021. Han etterfølgjer Lasse Berggreen som blir pensjonist etter ti år jobben.
Assisterande statsforvaltar er den faste avløysaren for statsforvaltaren og nesteleiar ved embetet.