Opphevar budsjettet i Midt-Telemark
Statsforvaltaren har oppheva kommunestyret i Midt-Telemark sitt vedtak om årsbudsjett for 2025. Vedtaket bryt med kommunelovas krav om at utgiftene som er lagt til grunn skal vere realistiske.
Midt-Telemark kommune vedtok 9. desember budsjett for 2025 og økonomiplan 2026-2028. Statsforvaltaren kan etter kommunelova kontrollere om eit vedtak i kommunestyret er lovleg. Etter ei vurdering har Statsforvaltaren oppheva delen av vedtaket som gjelder årsbudsjettet. Kommunestyret må derfor vedta nytt budsjett innan 30. juni.
–Kommunestyret har vedtatt eit rammekutt på 61 millionar kroner, som ikkje er forklart med tiltak. Vi vurderer at det bryt med kravet om realistiske føresetnader i budsjetteringa, seier statsforvaltar Trond Rønningen.
Meirforbruket må stoppe
Den siste rekneskapsprognosen for 2024 viste eit budsjettavvik på om lag 54 millionar kroner. Om rekneskapen viser det same, vil kommunen bli registrert i ROBEK til våren.
–Meirforbruket må stoppe, og kommunen må snu alle steinar for å klare det. Kvar einaste krone kommunen bruker meir enn han har, må dekkast inn igjen – og det vil gå ut over innbyggarane. Derfor må kommunen tilpasse utgiftene sine til inntektene så raskt som mogleg. I første omgang inneber det at rammekuttet må forklarast med tiltak, slik at kommunen kan halde rammene i budsjettet for 2025, seier Rønningen.
Må vedta nytt budsjett i balanse
Dersom økonomirapporten etter første tertial 2025 viser at kommunen ligg an til meirforbruk òg i år, må det takast omsyn til i nytt budsjettvedtak. Kravet til årsbudsjettet er framleis at det skal bli vedtatt i balanse.
Kommunestyret vedtok òg rammekutt for åra 2026-2028, men ikkje i same omfang som for 2025. Økonomiplandelen av vedtaket er derfor ikkje oppheva.