Auka beredskap for utbrot av fugleinfluensa i Vestfold og Telemark

Mannskaper fra Vadsø kommune samler døde fugler
Innsamling av døde krykkjer. Foto: Jan Harald Tomassen / Statsforvalteren i Troms og Finnmark.

Mattilsynet har bede alle kommunane gjere naudsynte førebuingar dersom det vert eit tilsvarande utbrot av fugleinfluensa blant villfugl i Vestfold og Telemark som me no har i Nord-Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.08.2023

Rollar og ansvar Mattilsynet og Statsforvaltar

Mattilsynet har det overordna ansvaret for handteringa av fugleinfluensa og iverkset tiltak i dei hardast ramma områda. Mattilsynet støtter og rettleier kommunane i eit eventuelt arbeid med innsamling og destruksjon. Det er også dei som skal ha informasjon om nye utbrot/funn av mange døde fuglar. Kontaktinformasjon til Mattilsynet er postmottak@mattilsynet.no eller telefon 22 40 00 00.

Statsforvaltaren understøttar dette arbeidet, og har ansvar for samordning på regionalt nivå. Statsforvaltaren har også fullmakt til å gje dispensasjonar frå regelverket for verneområde dersom det er naudsynt for fjerning av døde fuglar.

Ansvar kommunane

Kommunane er lokal miljøvernmynde. Kommunene er no bedne av Mattilsynet om å førebu organisering av innsamling av døde fuglar ved eit utbrot og korleis fuglane kan sendast vidare til destruering. Dette for å redusere konsekvensane av eit eventuelt utbrot.

Informasjon til befolkning og turistar

For å hindre vidare smitte under eit utbrot, er det viktig at befolkninga og turistar avgrensar ferdsla der det er mye villfugl og at ein ikke tek på sjuke eller daude fuglarSvar til innbyggjarar om fugleinfluensa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.