Tilskot til digitale læremiddel, infrastruktur, utstyr og kompetanse knytt til heimeundervisning

Søknadsfrist:
17. november 2020 23:59
Målgruppe:
Elever/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
Ansvarlig:
Oppvekstavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. juni 2021

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er gitt kr 5 430 000,- som etter søknad skal bli tildelt kommunar og fylkeskommunar til tiltak for å styrkje infrastruktur og kompetanse i kommunar, samt tiltak i kommunar og fylkeskommunar for å bøte på levekårsutfordringar som er til hinder for heimeundervisning.

Publisert 28.10.2020

Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-Utbruddet, gjennom å:

  • Styrke digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
  • Bidra til utjamning av levekårsforskjellar, der desse er til hinder for digital heimeundervisning

Tiltaka skal rette seg mot elevar, lærlingar og lærekandidatar, medrekna vaksne, og lærarar i offentleg grunn- og vidaregåande skular i Noreg.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • nødvendig infrastruktur for å gjennomføre undervising heime, medrekna nettilgang
  • hente inn kapasitet og/eller kompetanse i organisasjonen for å ivareta infrastruktur/fellesløysingar som blir brukte ved undervising heime
  • digitalt utstyr som blir brukt til kommunikasjon mellom lærar og elev i ein situasjon med undervising heime. Dette kan vere utstyr til utlån eller gå inn i «ein til ein»-ordning.
  • tilgang til digitale verkty for samhandling/kommunikasjon mellom lærar og elev

Det vert ikkje gitt stønad for allereie gjennomførde tiltak.

Tilskotsordninga er skjønnsmiddelordning. Ved løyving av skjønnsmidlar skal fylkesmannen gjere ei heilskapleg vurdering av kommunen/fylkeskommunen sitt behov.

Utdanningsdirektoratet har etablert ei eiga søknadsordning for friskular.

Søknadsfrist:
17. november 2020 23:59
Målgruppe:
Elever/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
Ansvarlig:
Oppvekstavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
1. juni 2021