Verjemål:Om vaksinasjon mot Covid-19
Det ligg ikkje til oppgåva til oppnemnde verjer å samtykka til vaksinasjon mot Covid-19 på vegne av verjehavar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette blir regulert av pasient- og brukerrettighetsloven. Det er pasienten sjølv og eventuelt helsepersonell som må ta stilling til om ein person skal vaksinerast. Ansvaret for å følgja opp dette ligg til kommunen og ikkje verja. Verjer som også er næraste pårørande kan ha enkelte rettar knytt til helsehjelp for verjehavar. I kraft av å vera oppnemnd verje har du derimot ikkje noko mandat i spørsmål om behandling knytt til helsespørsmål, heller ikkje vaksinasjon.
Dersom pasienten aktivt motset seg vaksinasjon kan dette ikkje gjennomførast utan tvangsvedtak. Det ligg likevel til verjer med personleg mandat å sjå til at verjehavar ikkje blir utsett for tvang utan etter vedtak.
Vi vil gjera oppmerksam på at nokre kommunar kan ha varsla pasientar på ein måte som gjer at informasjonen kjem til verjer sjølv om den er meint til pasientane.