Alle har ei plikt til å hindre vald og overgrep

Dersom du veit, eller trur, at nokon kan bli utsett for vald eller overgrep, kan du ha ei lovpålagt plikt til å forsøke å hindre at det skjer.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2019, Sist endret 16.03.2022

Avverjeplikta er lite kjent, og ei undersøking frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet frå 2018 viser at 74 prosent av oss ikkje har høyrt om den. For tilsette i helsevesenet, skule, barnehage, SFO eller fritidsklubb er talet 1 av 10, ifølgje plikt.no. 

Avverjesplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.

Avverjeplikta er særleg aktuell for yrkesgrupper som møter menneske i jobben sin. På nettstaden finn du informasjon om kva tid og ved kva lovbrot ein har avverjingsplikt. I tillegg finn du informasjon om korleis ein skal avverje og kva di rolle er.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner