Avgjerd i tilsynssak syner at bekymringar om vald mot barn ikkje er følgt opp av barnevernstenesta

Statsforvaltaren har slått fast at kommunen ikkje har sørga for at barna fekk nødvendig vern og forsvarlege tenester til rett tid.

Publisert 09.01.2025

Avgjerda rettar seg mot ein større kommune i Vestland. Saka gjeld ein familie med fleire barn, der det blei meldt bekymring om vald i familien før det eldste barnet vart fødd.

Vi meiner kommunen over tid har vore passive ved å ikkje følgje opp bekymringar om vald med forsvarlege tiltak. Rettstryggleiken og omsorgsbehovet til barna er ikkje varetatt i tråd med regelverket. Trass i fleire skriftlege avklaringar om saka, og møte med kommuneleiinga om bekymringane våre for kvaliteten i barnevernstenesta våren og hausten 2024, har ikkje kommuneleiinga sørga for å rette opp alvorleg svikt.

Mangelfull oppfølging

Saka byggjer på dokumenter frå tre kommunar i Vestland, der det går fram omfattande dokumentasjon om vald mot barna og mor og mellom dei vaksne i familien over mange år. Barnevernstenesta henta ikkje inn kunnskap om barnas erfaringar, og gjorde ikkje forsvarlege vurderingar av barnas situasjon og behov. Barna er i liten grad høyrde. Vi meiner mangelfull oppfølging av bekymringar om vald har fått store konsekvensar for barna.

Barnevernet har ansvar for å undersøke

Vald i nære relasjonar er eit samfunnsproblem som har store sosiale, helsemessige og økonomiske konsekvensar for dei som opplever valden og for samfunnet. Det er den som utøver valden som er ansvarleg for hendingane, og konsekvensane handlingane får. Samstundes har samfunnet eit ansvar for å førebyggje vald, og tenester som møter barn og familiar har eit særleg ansvar for å fange opp bekymring om vald, og å melde frå til barnevernet om bekymringa. Det er barnevernet som har ansvaret for å undersøke saker med bekymring om vald, og å vurdere om det er grunnlag for tiltak etter barnevernslova.

Statsforvaltaren har gitt kommunen pålegg om å rette opp i lovbrota.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner