Dokumentasjon i barnevernssaker med fleire barn i ein familie
Barneverntenestene bør i utgangspunktet opprette separate dokument for kvart barn og innhente opplysningar om kvart barn i separate brev i saker som gjeld fleire barn i ein familie.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Slik sikrar barneverntenesta forsvarleg sakshandsaming og dokumenthandtering.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har avklara overfor Fylkesmannen i Agder korleis barneverntenestene skal journalføre og dokumenter i barnevernssaker som gjeld fleire barn i ein familie. Her kan du lese svaret frå Bufdir.
Journalførte dokument i barnevernssaker inneheld i stor grad personopplysningar som er underlagt teieplikt, og mange av opplysningane er av særleg sensitiv karakter. For å verna om rettstryggleiken til dei som er involvert i sakene, må barneverntenesta si handtering av dokumenta og opplysningar vera i samsvar med reglane om teieplikt, rett til vern om personopplysningar og krav til forsvarleg sakshandsaming.
At det er tidssparande og praktisk å oppretta og journalføre felles dokument for alle barna i same familie, er etter Bufdir si vurdering ikkje avgjerande. Opplysningar og dokument bør berre delast når barneverntenesta har vurdert at informasjonen er relevant og nødvendig for å vurdera omsorgssituasjonen, eller for å få fram heilskapen i saka til det einskilde barnet.