Fagdag om elevar med utfordrande åtferd
I samarbeid med Barne-, ungdoms- og familieetaten og Vestland fylkeskommune inviterer vi tilsette i barneverntenestene, skular og barnverninstitusjonar til fagsamling 26.mars.2020. Tema er «elevar med utfordrande åtferd og med risiko for å utøve vald på skulen».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Når, kvar og påmelding
Tid: torsdag 26. mars 09.30–15.30
Stad: Amalie Skram videregående skole, Bergen. Hans Tanks auditorium
Målgruppe: PPT-rådgjevarar og tilsette ved ungdomsskular, vidaregåande skular, barneverntenester og barneverninstitusjonar i Vestland
Påmeldingsfrist: 16. mars 2020 på Vestland fylkeskommune sine nettsider
Program
Det blir servert lunsj ca. kl. 12.
kl. 09.30: Velkommen v/fylkeskommunen
kl. 09.40–14.15: Elevar med utfordrande åtferd. Ulike tilnærmingar for skulen og institusjonen v/Anne Gro Innstrand
- Kva er utfordrande åtferd?
- Korleis møte utfordrande åtferd på kort sikt og på lang sikt?
- Kva er dei viktigaste prinsippa for god klasseleiing når ein underviser for mange elevar med ulike behov og diagnosar?
- Kva er dei beste råda for kommunikasjon i møte med ungdom med utfordrande åtferd og emosjonelle vanskar?
- Kva er dei fem vanlegaste feila i kommunikasjon i møte med ungdom med utfordrande åtferd og emosjonelle vanskar?
- Kva gjer det med deg som tilsett i skulen eller barnevernet å stå i situasjonar der du må handtere trakassering, verbale truslar og vald som ein del av arbeidet?
- Kva er dei beste råda for å førebygge at du blir empatitrøytt og utbrent
kl. 14.15–15.30 Korleis kan vi hjelpe ungdom å handtere vanskelege kjensler? v/Anne Mari Syversen
For meir informasjon om føredragshalderane og eventuelle spørsmål, sjå nettoppslaget til Vestland fylkeskommune