Institusjonsopphald som ettervernstiltak i barnevernet
Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Barnevernstiltak kan ikkje trappast opp for ungdom over 18 år
Ettersom formålet med ettervern er å hjelpe ungdom med overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv, meiner Bufdir at barnevernstiltak ikkje kan trappast opp etter at ungdommen har fylt 18 år. Dette betyr at det ikkje vil vere heimel for institusjonsopphald for å behandle alvorlege atferdsvanskar for ungdom over 18 år, om ikkje ungdommen hadde eit slikt tiltak også før dei fylte 18 år.
Kan institusjonen bruke tvang ovanfor ungdom over 18 år?
Dersom ungdommen har budd på institusjonen etter eit tvangsvedtak før han eller ho fylte 18 år, kan institusjonen halde fram med tvang også etter ungdommen har fylt 18 år, sjå barnevernloven § 4-24. Ungdom som bur på institusjon etter samtykke, må respektere og innrette seg etter dei husordensreglane og rutinane som gjeld ved institusjonen. Ungdommen kan samtykke til bruk av tvang, men ikkje utover dei rammer som følgjer av rettighetsforskrifta. Det er samtykket som gir grunnlag for eventuell bruk av tvang, og samtykket kan når som helst trekkast tilbake. For eksempel kan ikkje institusjonen ved mistanke om oppbevaring av rusmiddel ransake rommet til den unge vaksne, dersom ho ikkje ynskjer det i den konkrete situasjonen.
Barne-, ungdoms- og familieetaten skal bistå barneverntenesta
Der institusjonen kjenner ungdommen godt, må institusjonen samarbeide med ungdommen, barneverntenesta og Bufetat for å finne fram til kva oppfølging ungdommen skal få når dei fyller 18 år. Det er barneverntenesta som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk, og Bufetat har plikt til å bistå kommunen i dette arbeidet. Dersom Bufetat og kommunen ikkje blir einige, kan Bufetat be om at Fylkesmannen vurderer om bistandsplikta gjeld i den konkrete saka.
Institusjonen har eit sjølvstendig ansvar
Institusjonen har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om tiltaka deira er forsvarlege, og må følgje med på at ungdom ikkje bur på ein institusjon i strid med lova. Dersom institusjonen meiner at eit opphald må avsluttast, og kommunen ikkje er einige, kan institusjonen be om at Fylkesmannen avgjer spørsmålet.
Les meir i tolkingsfråsegna til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.