Meld frå til barnevernet

Er du alvorleg bekymra for eit barn, har du som offentleg tilsett plikt til å melde frå til barnevernet. Barn og vaksne kan også melde bekymring for eit barn. Det er barnevernstenesta sitt ansvar å finne ut om barnet eller familien treng hjelp.

Publisert 17.07.2020, Sist endret 20.09.2024

Samfunnet skal verne barn mot vald, mishandling og andre former for omsorgssvikt. Det er derfor svært viktig at alle som er alvorleg bekymra for eit barn, melder frå til barnevernstenesta. 

For at barnevernstenesta skal kunne gje barn riktig hjelp til rett tid, er dei avhengige av informasjon frå andre. Både privatpersonar og offentleg tilsette kan gje opplysningar om bekymring for omsorgssituasjonen eller åtferda til eit barn, til den kommunale barnevernstenesta. 

Alle barn og vaksne kan melde frå til barnevernstenesta  

Barn kan alltid melde til barnevernstenesta, anten dei sjølv har det vanskeleg heime eller dei er bekymra for andre barn. Alle vaksne bør melde frå til barnevernstenesta viss dei er bekymra for eit barn. Det er mogleg å kontakte barnevernstenesta for å drøfte saka anonymt og få råd før du melder. 

Meld frå til barnevernstenesta i kommunen der du bur. Du kan finne telefonnummeret til barnevernet på heimesida til kommunen, eller på barnevernvakten.no.  Barn kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge 116 111. Både barnevernstenesta og Alarmtelefonen vil ut frå meldinga vurdere om det er behov for akutt hjelp, og gje råd og rettleiing. 

Melding frå helsevesen, skule, barnehage eller andre offentleg tilsette  

Tilsette  som yter helsehjelp,  jobbar i barnehage eller på skule skal vere merksame på om eit barn eller ein familie kan ha behov for hjelp frå barnevernet. Alle offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt, har ei lovpålagt plikt til å melde frå til  barnevernstenesta ved alvorleg bekymring for korleis eit barn har det.  

Opplysningsplikta gjeld ved alvorleg bekymring for omsorgssituasjonen eller åtferda til eit barn. I barnevernslova § 13-2 første ledd står det meir om i kva tilfelle tilsette skal melda til barnevernstenesta. Grunn til å tru i lovteksten, inneber at ein må ha ein konkret mistanke eller bekymring, men du treng ikkje å vite sikkert. 

Den tilsette skal vurdere melding til barnevernet på bakgrunn av dei opplysningane hen til ei kvar tid har. Det er barnevernstenesta sitt ansvar å undersøkje saka nærare. 

Opplysningsplikta set teieplikta til side 

Opplysningsplikta går framfor omsynet til personvern og tillitsforholdet til den aktuelle tenesta, og plikta gjeld uavhengig av om informasjonen har kome fram i fortrulege samtalar. 

Dersom vilkåra for å gje opplysningar til barnevernstenesta er oppfylte, skal du sende melding til barnevernet utan ugrunna opphald. Plikta til å gje opplysningar fell ikkje bort, sjølv om du på eiga hand prøver å avhjelpe situasjonen. Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Det er kvar enkelt yrkesutøvar som må vurdere om dei opplysningane han eller ho har, utløyser opplysningsplikt til barnevernet. 

Dersom barnevernet finn ut at situasjonen til barnet er mindre alvorleg enn det den som meldte frå var bekymra for, har meldaren likevel ikkje brote teieplikta si, så lenge hen hadde opplysningar som gav grunn til å tru at barnet var i ein situasjon som utløyser opplysningsplikt. 

Informasjon til barnet og foreldra 

Så langt det er mogleg, bør offentlege instansar ta opp bekymringa si med barnet og foreldra. Det kan vere naturleg at barnevernstenesta  kallar foreldra og barnet inn til eit møte, der dei får informasjon om kva som er grunnlag for bekymring for barnet og kva vurdering som er gjort med omsyn til opplysningsplikta. Barnet og foreldra bør få informasjon om kva barnevernet kan hjelpe familien med.  

Nokre gonger kan det av omsyn til barnet vere viktig at foreldre ikkje vert informerte om at det vert sendt melding til barnevernstenesta, til dømes ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. I slike situasjonar kan informasjon til foreldra gjere at barnevernet eller politiet ikkje får gitt barnet eller andre tilstrekkeleg vern, eller at viktig bevismateriale går tapt. 

Kommunen si plikt å sikre at barnevernet får viktige opplysningar 

Alle offentleg tilsette skal kjenne reglane for teieplikt og ha kunnskap om plikta til å melde frå og gje opplysningar til barnevernet, slik at dei er trygge på praktiseringa av desse reglane. Kommunen har ansvar for å sikre at alle tilsette i kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om opplysningsplikta. 

Tydelege rutinar kan bidra til at dei tilsette i kommunen vert klar over meldeplikta og kva den inneber, og gjere dei trygge på når og korleis dei skal melde til barnevernet. Kommunen må følgje med på og sette inn tiltak som sikrar at opplysingsplikta vert etterlevd.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Barnevernslova § 13-2. Plikt til å melde fra til barnevernstjenesten

«Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, skal uten hinder av taushetsplikt melde fra til barnevernstjenesten uten ugrunnet opphold i følgende tilfeller:
a. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli mishandlet, utsatt for alvorlige mangler ved den daglige omsorgen eller utsatt for annen alvorlig omsorgssvikt
b. når det er grunn til å tro at et barn har en livstruende eller annen alvorlig sykdom eller skade og ikke kommer til undersøkelse eller behandling
c. når det er grunn til å tro at et barn med nedsatt funksjonsevne eller et spesielt hjelpetrengende barn ikke får dekket sitt særlige behov for behandling eller opplæring
d. når et barn har vist alvorlige atferdsvansker ved å begå alvorlige eller gjentatte lovbrudd, ved problematisk bruk av rusmidler, eller ved å ha vist annen form for utpreget normløs atferd
e. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli utnyttet til menneskehandel.

Også yrkesutøvere som opptrer i medhold av helsepersonelloven, psykisk helsevernloven, helse- og omsorgstjenesteloven, familievernkontorloven og privatskolelova plikter å gi opplysninger etter denne bestemmelsen. Det samme gjelder meklere i ekteskapssaker og private som utfører oppgaver for staten, fylkeskommuner eller kommuner, og de som utfører slike oppgaver på vegne av organisasjoner.»