Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge
Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Rapporten tilrår å opne alle tenester for barn og unge utan unødvendig opphald og i tråd med grunnleggande smittevernomsyn.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa har sett ned ei koordineringsgruppe som skal følgje med på sårbare barn og unges situasjon. Gruppa består av deltakarar frå Helsedirektoratet, utdanningsdirektoratet, folkehelseinstituttet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Politidirektoratet, Sekretariat for konfliktrådet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Dei skal rapportera til Barne- og familieministeren kvar fjortande dag.
Det er så langt komme to rapportar. Du kan lese meir om desse på regjeringa si heimeside.