Fleire kommunar må bli betre på å førebygge vald og overgrep mot barn og unge
Ei ny kartlegging viser at fleire kommunar i Vestland treng betre planar for å sikre at tilsette som møter barn og unge har naudsynt kompetanse til å fange opp og følgje opp tilfelle av vald og overgrep.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kartlegginga er gjennomført av Statsforvaltaren i Vestland. Alle leiarar med ansvar for tenester som møter barn og unge i kommunane blei invitert til å svare.
Statsforvaltarane har fått i oppdrag å undersøke status i kommunane knytt til det valdsførebyggande arbeidet. Tema i kartlegginga var i kva grad Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017-2021) er kjend for leiarane i kommunen, om dei har utarbeidd eigne planar, og om dei valdsførebyggande verktøya «Snakke med barn» og «Jeg vet» er tatt i bruk. Vi spurte òg om leiarane trong meir støtte og opplæring i dette arbeidet, og eventuelt kva dei meiner vil vere nyttig.
518 tenesteleiarar frå Vestland svara på kartlegginga, som vart gjennomført i november 2021.
De finn ei utfyllande oppsummering under «Dokument».
Hovudfunn frå kartlegginga
Følgjande kjem fram i kartlegginga vi har gjort:
- Ein stor del av leiarane seier dei manglar kjennskap til innhaldet i kommunens handlingsplan mot vald i nære relasjonar, og fleire kjenner ikkje til om kommunen har ein slik plan.
- Dei fleste leiarane meiner eigne tilsette treng meir kompetanse på korleis dei skal førebygge, oppdage og handle dersom dei har mistanke om at barn og unge vert utsett for vald eller overgrep.
- Mange tenesteleiarar svara at dei har lite tid til felles kompetanseheving i organisasjonen, og at det ofte er enkeltpersonar som vert sendt på kurs og opplæringstiltak.
- Svara tyder samla på at det i mange av kommunane i Vestland er mangelfull systematikk i opplærings- og implementeringsarbeid for å sikre at alle tilsette som møter barn og unge har naudsynt kompetanse i førebygging av vald og overgrep.
Kva ønskjer leiarane støtte til?
Over 300 av leiarane hadde konkrete innspel og forlag til korleis Statsforvaltaren og kompetansemiljøa kan støtte kommunane i arbeidet med å heve kompetansen og utvikle det valdsførebyggjande arbeidet. Noko av det dei føreslår er:
- Digitale, korte videoar eller kurs som kan nyttast fritt til opplæring og kompetanseheving av tilsette på til dømes planleggingsdagar, personalmøte eller fagdagar.
- Fysiske samlingar med rom for tverrfagleg diskusjon, erfaringsdeling og samarbeid.
- Ein felles nettbasert læringsplattform der alt undervisningsmateriell er tilgjengeleg.
- Støtte og midlar til å utarbeide handlingsplan for førebygging av vald og overgrep i kommunen.
- Tilrettelegging for samarbeid på tvers av kommunar.
Kva slags støtte kan kompetansemiljøa og Statsforvaltaren gje kommunane?
Statsforvaltaren, i samarbeid med Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) held introduksjonskurs i dei digitale ressursane «Jeg vet» og «Snakke med barn» to gongar i året. RVTS har også etablert eit nettverk for nøkkelpersonar som har ansvar for kompetanseheving og implementeringsaktivitetar i desse verktøya.
I tillegg har RVTS relansert ein digital nettportal «Trygg til handling», der kommunane kan finne ei samling av kortare opplæringsfilmar, kursopplegg og litteratur som er relevant for det valdsførebyggande arbeidet. De kan lese meir om dette på RVTS sine heimesider og nettportalen «Trygg til handling».