Informasjon til kommunane om barneverns- og oppvekstreforma
Statsforvaltaren har oppretta ei eiga temaside for å nå ut til kommunane med informasjon, arrangement og ressursar som kan vere aktuelt i førebuingsarbeidet fram til reforma trer i kraft 1. januar 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Her finn du temasida om Barnevernsreforma hos Statsforvaltaren i Vestland.
Reforma vil røre ved alle leiarar og tilsette som møter barn, unge og foreldre gjennom sitt arbeid. Ein føresetnad for å lykkast med å nå måla med reforma, er at alle leiarar for tenester og tiltak retta mot barn, unge og deira foreldre snakkar saman for å finne dei beste løysingane for sin kommune.
På temasida vil de finne informasjon tilpassa dei ulike tenesteområda, lenkjer til relevante verktøy og retningslinjer. De vil òg finne ulike modellar for tenesteutvikling og tverrfagleg samarbeid, samt informasjon om ulike arrangement i haust i samband med reforma.
For å bli oppdatert på ny informasjon vi legg ut på sida, kan du abonnere på nyhende frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du abonnere på nyhende.
Kontaktpersoner
-
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33 -
Bård Tyldum
Tlf: 55 57 21 05