Spørjeundersøking om behov for hjelp og støtte til adopterte
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal greie ut korleis adopterte og familiane deira blir følgde opp etter adopsjon. Dei har difor laga ei spørjeundersøking for vaksne adopterte over 18 år, med svarfrist 20. mai.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 07.05.2021
Undersøkinga tek sikte på å avklare behova for hjelp og støtte dei adopterte har hatt gjennom ulike fasar av livet.
Både nasjonalt adopterte og adopterte frå andre land blir oppmoda om å svare.