Alle eksamenar er avlyst

25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.03.2020

Privatistar og lærlingar

Det blir store konsekvensar for privatistar om dei ikkje får ta eksamen. Kunnskapsdepartementet ser difor på om det er mogleg å få gjennomført privatisteksamen.

Det blir òg arbeidd med å finne løysingar for å gjennomføre fag- og sveineprøven.
Kunnskapsdepartementet vil vurdere om det kan vere mogleg å gjennomføre munnleg eksamen i vidaregåande.

Standpunkt

Når eksamen er avlyst, er det viktig å ha eit godt vurderingsgrunnlag for å sette standpunktkarakter. Vi oppmodar lærarar og skuleleiarar om å prioritere vurderingsarbeidet framover slik at dei har eit breitt vurderingsgrunnlag som viser den samla kompetansen eleven har i faget.

Du finn informasjon frå Kunnskapsdepartementet her.

Du finn informasjon frå Utdanningsdirektoratet her.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.