Benjaminprisen 2020

Benjaminprisen blir kvart år det delt ut til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminerande haldningar og handlingar. Prisen vert delt ut av kunnskapsministeren i januar 2021 og omfattar eit diplom og ei pengegåve.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.08.2020

Kven kan fremje forslag?

Tidlegare prisvinnarar har vore foreslåtte av elevar, føresette, lærarar, skoleleiarar og dei som bur i skulen sitt nærmiljø. Det er med andre ord mange som kan ha kjennskap til og erfaring med arbeidet til skulane, og som derfor kan fremje forslag.

Vilkår for nominasjonen

Skular som er foreslått blir vurderte etter følgjande vilkår:

  • Forankring. Arbeidet mot rasisme og diskriminering skal vere forankra i skulen sitt langsiktige arbeid
  • Involvering. Arbeidet mot rasisme og diskriminering skal involvere alle aktørane i skulen
  • Synleggjering. Arbeidet mot rasisme og diskriminering skal vere synleg i skulen og i lokalmiljøet

Du kan lese meir om Benjaminprisen og foreslå ein skule her https://benjaminprisen.no/

Fristen for å nominere til Benjaminprisen 2020 er sett til 1. oktober.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.