Elevar kan få tospråkleg opplæring i fag på nett
Kommunar som ikkje klarer å tilby tospråkleg fagopplæring i arabisk, somali og tigrinja kan søkje om sanntidsopplæring gjeve av nettlærarar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 28.01.2020
Kriterium for å bli med i ordninga
- Kommunen kan søkje om å delta i no i vår, og opplæringstilbodet gjeld frå hausten 2020.
- Kommunen kan berre melde på elevar i dei språka dei ikkje har tospråkleg lærar i. Kommunen som søkjer, må ha forsøkt å få tak i tospråklege lærarar, men ikkje klart det.
- For at kommunen skal kunne bli med, må elevar i 8. og/eller 9. årssteg som skal delta, ha vedtak om tospråkleg fagopplæring. Elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring og/eller deltakarar i grunnskule for vaksne med behov for tospråkleg fagopplæring kan også delta.
- Kommunen må være Feide-kommune.
- Kommunane må søke om å få nytte ordninga denne våren, og betale ein egenandel.
Dersom skulen, kommunen eller fylkeskommunen vil vite meir om ordninga og få informasjon om deltaking skuleåret 2020/2021, kan de fylle ut dette nettskjemaet.
Tilbodet er forankra i eit vellukka prøveprosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) på OsloMet.