Elevundersøkinga 2023

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie meininga si om forhold som er viktige for å lære og trivast på skulen. På hausten er undersøkinga obligatorisk for 7. trinn, 10. trinn og vg1. Gjennomføringsperioda er 6. november til 8. desember.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2023

Ny administrasjonsløysning

I år innfører Utdanningsdirektoratet eit nytt system, Altinn, for å administrere og gjennomføre Elevundersøkinga. Desse tilgangane styrast gjennom Altinn Autorisasjon. Informasjon om styring av tilgangar i Altinn finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Sjå lenke i høgre blokk.

Roller og ansvar for administrering av elevundersøkinga

Administrasjonsløysinga er open for skuleeigarar 30. oktober til 5. november.

Skuleeigar har ansvar for at Elevundersøkinga blir gjennomført og følgt opp lokalt, medan skulen har ansvar for sjølve gjennomføringa av undersøkinga på skulen.

Skuleeigar skal

  • gi tilgang til administrasjonsløysinga for dei personane som skal administrere undersøkinga hjå skuleeigar og på dei einskilde skular
  • velje tilleggsbolkar av spørsmål viss det er ønskeleg
  • følgje med på gjennomføringsstatus for sine skular når undersøkinga er i gang
  • legge til rette for at skulane skal følge opp resultat i etterkant av undersøkinga

Skuleleiar skal

  • lage ein lokal gjennomføringsplan for Elevundersøkinga
  • gjere seg kjende med hensikta med undersøkinga, innhaldet og den tekniske løysinga
  • informere føresette i forkant av undersøkinga
  • sørge for at tilgangar kjem på plass
  • bestille undersøkinga for alle trinn og grupper som skal delta
  • legge tilhøva praktisk til rette for å kunne gjennomføre undersøkinga

Skjermingsreglar

Utdanningsdirektoratet har gjort ei rekke endringa i reglane for skjerming og visning for at fleire skular skal kunne sjå resultata. Du finn meir informasjon om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Du finn lenke til desse i høgre blokk.

Publisering av resultat

Resultat blir publisert 22. januar for grunnskulen og 29. januar for vidaregåande skular. Innlogga brukarar kan sjå resultata to dagar før offentleg publisering.

Meir informasjon om Elevundersøkinga finn de på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. De finn lenke til desse i høgre blokk.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.