Høyring på ny opplæringslov
Kunnskapsdepartementet sendte i januar 2020 opplæringslovutvalet si utgreiing om ny opplæringslov (NOU 2019: 23) på høyring. Fristen for å gi høyringsuttale er 1. juli 2020.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa oppnemnte i september 2017 eit utval som fekk i oppgåve å greie ut og vurdere behovet for rettsleg regulering av grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (grunnopplæringa). Utvalet sitt mandat var å foreslå ny opplæringslov og overordna prinsipp for regelstyringa av grunnopplæringa.
Målet til utvalet
Opplæringslovutvalet har hatt som mål å lage ei lov med godt språk og god struktur. Utvalet har mellom anna forsøkt å skape betre samanheng mellom reglane for grunnskulen og reglane for den vidaregåande opplæringa. Utvalet har vore opptatt av i størst mogleg grad å unngå likelydande føresegner i ulike delar av lova, unngå dobbeltreguleringar og å unngå særregulering av forhold som er regulert i sektorovergripande lover som kommunelova og forvaltningslova.
Alle kan sende innspel
Alle som ønsker det, kan sende inn høyringsuttale. Dette gjeld og privatpersonar. Departementet ber særskilt om innspel til forslaget om mild tvangsbruk, som blir omtalt i kapittel 37 i NOU-en.
Fylkesmannen i Vestland skal gi høyringssvar, som blir publisert på våre nettsider i juli.
Fristen for å gi høyringsuttale er 1. juli 2020.
Kontaktpersoner
-
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96