Nasjonale prøvar hausten 2024 – påmeldinga har starta

Påmeldinga til nasjonale prøvar for 5., 8. og 9. trinn hausten 2024 starta 1. august. Det er viktig med god førebuing for å sikre ei god gjennomføring av dei nasjonale prøvane, slik at informasjonen frå prøvene kjem til nytte både for elevane og resten av skulesystemet.

Publisert 06.08.2024

Viktige datoar  

Påmeldinga starta 1. august.

Det er mogleg å melde opp elevar i heile gjennomføringsperioden. Elevar som skal ha fritak skal òg bli meldt på. Det er anbefalt å melde på dei ulike elevgruppene som eigne grupper.

Gjennomføringsperioden er frå 2. september – 27. september (veke 36-39).

5. og 8. trinn skal gjennomføre nasjonale prøvar i engelsk, lesing og rekning. 9. trinn skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing og rekning.

27. september:

Frist for registrering av «fritatt» og «ikkje deltatt» for alle prøvane.
Særleg for 8. og 9. trinn: frist for å vurdere og skåre opne elevsvar i nasjonale prøvar i lesing og i nasjonale prøvar i lesing samisk.

Vi har lagt ved lenke til Utdanningsdirektoratet si heimeside i høgremargen. Her finn de meir informasjon om påmelding, gjennomføring, skåring og oppfølging av resultata. Utdanningsdirektorat har òg laga ei liste over kven som har ansvar for kva.

Brukarstøtte

Spørsmål om administrasjon eller gjennomføring av nasjonale prøvar skal gå via næraste leiar. Dersom det oppstår problema i samband med gjennomføring av nasjonale prøvar skal skulane ta kontakt med skuleeigar, som ved behov tar kontakt med Statsforvaltaren.

For brukarstøtte på dei skuleadministrative systema, ta kontakt med leverandøren av systemet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.