NOKUT er godkjenningsmyndigheit for yrkeskvalifikasjonar frå utlandet

Frå 1. januar 2020 må lærarar, styrarar og pedagogiske leiarar i barnehage med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet søkje NOKUT om å få godkjent utanlandske kvalifikasjonar. Godkjenninga er obligatorisk for alle som skal tilsettast i desse yrka.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.06.2020

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Ei av deira oppgåver er å godkjenne og informere om at det er mogleg å få godkjend utanlandsk utdanning og kompetanse. Tidlegare var Utdanningsdirektoratet ansvarleg myndigheit.

NOKUT kan tilby digital søknad om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Du kan sjølv fylle ut og sende inn søknaden for behandling.

Her finn du meir informasjon om godkjenningsordninga.

Spørsmål om godkjenningsordninga kan rettast på e-post til utland@nokut.no .

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lenker