Obligatoriske kartleggingsprøver

Kartleggingsprøvene i lesing og rekning for 3. trinn hausten 2024 er obligatorisk.

Publisert 30.08.2024

Viktige datoar

  • Påmelding i PAS – prøver opnar 2. september
  • Gjennomføringsperioden hausten 2024 er veke 40 – 43.

Om prøvene

Formålet med kartleggingsprøvene er å finne dei elevane som treng ekstra hjelp, slik at dei kan få den tilrettelegginga som dei har krav på. Skuleeigar skal etterspørje kva tiltak og oppfølging skulen har sett i gang på bakgrunn av resultata frå kartleggingsprøvene.

Prøvene er laga for å bli brukt i klasserommet og på skulen, og ikkje for å kunne samanlikna resultat med andre skular, kommunar eller fylke.

Påmelding og tilgang i PAS -prøver
I PAS-prøver har skuleeigar tilgang til å tildele rollar nedover i systemet. Vi oppmodar skuleeigar/leiar til å sjå til at alle som treng det er tildelt rolle og har tilgang i systemet i god tid før gjennomføringsperioden startar. Ved behov tildeler statsforvalteren rolle til skuleeigar og rektor ved private skular.  

Skuleaadministrator melder på alle elevane på trinnet, anten direkte i PAS – prøver eller gjennom det skuleadministrative systemet. Det er opent for påmelding i heile gjennomføringsperioden. Skuleadministrator må hugse på:

  • Elevar som skal ha fritak skal òg meldast på til prøva.
  • For kartleggingsprøvar på samisk i lesing og rekning må skulen hugse å melde på elevar i PAS – prøver med riktig kode.
  • Elevar som bruker teiknspråk skal meldast på med variantkode for teiknspråk (TEG).
  • For elevar som bruker punktskrift kan skulen bestille materielle for prøva i rekning frå Utdanningsdirektoratet (post@udir.no), og frå Statped midt (laeremidler@statped.no, telefon 0219) for prøva i lesing.

Aktuelle lenkjer
All informasjon om kartleggingsprøvene: Kartleggingsprøver | udir.no

Tekniske krav til prøver: Tekniske krav ved prøver | udir.no

Ny opplæringslov: Regelverk for skole og opplæring | udir.no

Nye malar for enkeltvedtak: Maler | udir.no

Brukarstøtte
Ved spørsmål om gjennomføringa skal skuleleiar ta kontakt med sin skuleeigar, som igjen eventuelt skal rette spørsmål til statsforvaltaren i eiget fylke.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Teknisk støtte eller få opna prøva att?

Her er informasjonen som vi treng når dykk tar kontakt i samband med tekniske vanskar eller for å få opna prøver:

Prøve og trinn

Prøvegruppe

Skule

Namn og fødselsdato på elev

Nettlesar

Tidspunkt feil oppstod (gjerne klokkeslett)

Kontaktperson på skulen (namn og telefon)

Legg gjerne ved skjermbilete. Vi minner til slutt om at dykk må gå tenestevegen.