Alle tilsette i skular og barnehagar er nøkkelpersonell med kritisk samfunnsfunksjon
Regjeringa har no inkludert alle lærarar og barnehagetilsette i lista over kritiske og viktige samfunnsfunksjonar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Personell med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritiske oppgåver kan få tilbod om barnehage- og skuleplass. Frå 18. mai er tilsette i barnehagar og skuler rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Dette gjeld også administrativ leiing og kritisk driftspersonell. Dei kan dermed også få tilbod om plass.
Dersom ein barnehage eller ein skule reduserer opningstidene, skal dei likevel tilby barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon opphald utover den opningstida dei har lagt opp til.
Du finn lista og meir informasjon om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersoner
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96