Stor interesse blant lærarar i Vestland for vidareutdanning kommande skuleår
Skuleeigarane har godkjent 917 søknader frå lærarar som ynskjer vidareutdanning. Utdanningsdirektoratet vil fram til 30. april behandle og eventuelt godkjenne søknadane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målgruppa for vidareutdanningsordninga er lærarar i heile grunnopplæringa, inkludert lærarar som underviser vaksne på grunnopplæringsnivå, og lærarar på kulturskular. Ordninga omfattar midlar til stipend og vikarordning der dei studerande får nedsett undervisningsplikt.
I Vestland er hovudvekta av søknader frå grunnskular, men også mange lærarar på vidaregåande skular har søkt, og utgjer omlag 19 prosent av dei godkjende søknadane.
Dei mest populære studietilboda er engelsk, norsk, naturfag, matematikk og programmering.
I Udir sin informasjon går det fram at søknader i matematikk, engelsk og norsk, samisk og norsk teiknspråk er prioritert for det kommande studieåret.
Dei fleste studietilboda har eit omfang på 30 studiepoeng over to semester. Det er også mogleg å søke om å delta på éin modul på 15 studiepoeng i enten haust- eller vårsemesteret. Vikar- og stipendmidlar vil då bli justert i tråd med tal studiepoeng læraren tek.
Organiseringa av tilboda kan variere hjå dei ulike universiteta og høgskulane. Fleire av tilboda er nettbaserte utan samlingar.
Meir informasjon om vidareutdanningsordninga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.