Straks nye læreplanar for grunnopplæringa

Skulane bør sette seg inn i og drøfte overordna del av læreplanane. Dette fordi den omtalar grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa i åra framover.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2019

Overordna del utdjupar verdigrunnlaget

Høyringsrundane etter læreplanutkasta er avslutta. For å kunne vurdere og ta i bruk dei nye læreplanane, er det viktig at skulane har sett seg nøye inn i overordna del av læreplanverket. Den er fastsett av regjeringa, men tek til å gjelde samstundes som dei nye læreplanane.

Den overordna delen av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen i opplæringslova og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa.

Den omtalar grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa, og skal også ligge til grunn for samarbeidet mellom heim og skule. Overordna del tydeleggjer ansvaret skulen og lærebedrifta har for danning og for utvikling av kompetansen til alle deltakarane i grunnopplæringa.

Alle som arbeider i grunnopplæringa, må la dette grunnsynet prege planlegginga, gjennomføringa og utviklinga av opplæringa.

Meir informasjon om overordna del finst på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Støttemateriell

Utdanningsdirektoratet har laga støttemateriell for skulane til å jobbe med innføring av ny overordna del for læreplanverket på desse hovudområda:

  • Kva er overordna del - og kvifor er den så viktig?
  • Djupnelæring
  • Kompetanseomgrepet
  • Samanhengen mellom kompetanseomgrepet og djupnelæring
  • Profesjonsfellesskap og skuleutvikling
  • Sosial læring og inkluderande læringsmiljø
  • To-timars gruppeopplegg om overordna del
  • Støttemateriell på samisk

Her finn du alt støttemateriellet samla.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.