Tilskot til bøker i skulebibliotek

Kommunar kan no søkje om tilskot til bøker i skulebibliotek. Tilskotet skal vere eit bidrag slik at kommunane kan kjøpe inn fleire bøker og auke tilgangen til variert litteratur i skulebiblioteka. 

Publisert 27.05.2025

Kven kan søkje?

Det er kommunane som kan søkje om tilskot. Mottakar av tilskotet kan sjølv prioritere skuletrinn og skuler i tråd med lokale behov.  Målgruppa for tilskotet er elevar og lærarar i offentlege grunnskular i Noreg.

Frist for å søkje: 20.juni 2025

Kommunar som ønskjer å søkje, finn meir informasjon om ordninga og søknadsprosessen på Utdanningsdirektoratet si nettside:

Tilskudd til bøker i skolebibliotek | udir.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar