Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i orden og oppførsel
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og oppførsel.
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og oppførsel, jf. opplæringsforskrifta § 10-6 eller privatskuleforskrifta § 7-6, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetjing av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-17 eller privatskuleforskrifta § 6-17, ikkje er følgt. Skulen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin informasjon til elev/føresett.
Kva må skulen gjere når dei har fått ei klage?
Skulen må først vurdere om dei skal ta klagen til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett i spørsmål om opplæringa. Det inneber at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skulen fatte vedtak om det. Det er høve til å klage på eit avvisingsvedtak, og skulen må opplyse om dette i vedtaket.
Dersom skulen er einig i klagen og etter ei ny vurdering set karakteren opp, må skulen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og eleven får ein ny rett til å klage. I saker der skulen er einig med klagar, skal skulen ikkje sende klagen til Statsforvaltaren. Kva er nytt i reglane om klage på sluttvurdering? (Udir)
Skulen må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.
Kva må skulen sende til Statsforvaltaren?
Sjå Vurdering av orden og oppførsel (Udir) og merknadane til opplæringsforskrifta § 10-6 eller privatskuleforskrifta § 7-6 for rettleiing ut over punkta under.
- Klagen
- Ei uttale frå kontaktlærar og rektor som viser grunngjevinga for kvifor eleven ikkje har fått karakteren God, det vil sei ei skildring av eleven sin orden eller oppførsel opp mot skulereglane. Det må komme fram kva tiltak skulen har sett i verk for å rette på eleven sin orden eller oppførsel. Skulen må vise korleis ein har teke omsyn til eleven sine føresetnader og kva betydning dette har fått.
- Ei utgreiing som viser at saksbehandlingsreglane er følgt. Skulen må i utgreiinga vise til rektor sitt drøftingsmøte med lærarane. I tillegg må det gå fram at eleven er varsla, og det må visast til kva karakterar eleven har fått tidlegare.
- Kopi av skulereglane.
- Kopi av varselet etter opplæringsforskrifta § 9-7 eller privatskuleforskrifta § 6-7.
- Eventuell anna relevant informasjon.
Dokumenta i saka skal sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema
Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
Det er svært viktig at skulen viser til rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har følgt reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-17 og 9-7 eller privatskuleforskrifta §§ 6-17 og 6-8 ved fastsetjinga av standpunktkarakteren i orden og oppførsel. Resultatet av klagebehandlinga vil vere at Statsforvaltaren anten stadfestar skulen sitt vedtak, altså at karakteren blir ståande, eller fastset ein ny karakter.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller dersom dei andre vilkåra i forvaltningslova for å behandle klagen ikkje er oppfylt.