Rettleiing – klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag

Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag.

Publisert 17.02.2025

Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-5 eller privatskuleforskrifta § 7-5, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetjing av standpunktkarakterar, jf. opplæringsforskrifta § 9-16 eller privatskuleforskrifta § 6-16, ikkje er følgt. Skulen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin informasjon til elev/føresett.

Kva må skulen gjere når dei har fått ei klage?

Skulen må først vurdere om dei skal ta klagen til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett i spørsmål om opplæringa. Det inneber at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skulen fatte vedtak om det. Det er høve til å klage på eit avvisingsvedtak, og skulen må opplyse om dette i vedtaket.

Dersom skulen er einig i klagen og etter ei ny vurdering set karakter i faget, må skulen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og eleven får ein ny rett til å klage. I saker der skulen er einig med klagar, skal skulen ikkje sende klagen til Statsforvaltaren. Kva er nytt i reglane om klage på sluttvurdering? (Udir)

Skulen må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.

Kva må skulen sende til Statsforvaltaren?

Sjå merknadane til opplæringsforskrifta § 10-5 (Udir) eller merknadane til privatskuleforskrifta § 7-5 (Udir) for rettleiing ut over punkta under.

  • Klagen
  • Ei grunngjeving frå faglærar som viser kvifor det ikkje er fastsett standpunktkarakter
    • Dersom grunngjevinga er overskriden fråværsgrense, må det opplysast om fråvær og fråværsgrense
    • Dersom grunngjevinga er manglande vurderingsgrunnlag, må det visast til eleven sin kompetanse opp mot kompetansemåla, kva deler av faget faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag i, og kvifor.
  • Ei uttale om skulen si saksbehandling der skulen stadfestar at faglærar si grunngjeving oppfyller krava i regelverket. Den må vise til at eleven har blitt gjort kjent med kva som blir vektlagt i vurderinga, og kva som kan føre til at det ikkje blir fastsett standpunktkarakter i fag. Skulen skal òg vise til når varselet blei gitt.
  • Kopi av varselet etter opplæringsforskrifta § 9-7 eller privatskuleforskrifta § 6-7.
  • Eventuell anna relevant informasjon.

Dokumenta i saka skal sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.

Det er svært viktig at skulen viser til rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Statsforvaltaren skal vurdere om skulen sitt vedtak om å ikkje fastsetje standpunktkarakter er i tråd med reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-16 og 9-8 eller privatskuleforskrifta §§ 6-16 og 6-8 om fastsetjing av standpunktkarakter i fag, reglane om fråvær i vidaregåande skular og reglane om varsling, jf. opplæringsforskrifta § 9-7 eller privatskuleforskrifta § 6-7.

Resultatet av klagebehandlinga vil vere at Statsforvaltaren anten stadfestar eller opphevar skulen sitt vedtak. I saker der vi opphevar vedtaket, sender vi saka tilbake til skulen for ny behandling. Skulen kan anten fastsetje ein karakter eller oppretthalde vedtak om ikkje å gi standpunktkarakter. Dersom skulen fastset ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette ein ny rett til å klage. Det same gjeld dersom eit nytt vedtak om IV blir gjort på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket. Dersom eleven ikkje er varsla i tråd med opplæringsforskrifta § 9-7 eller privatskuleforskrifta § 6-7, skal skulen fastsetje ein karakter for eleven.

Skulen skal sende kopi av det nye vedtaket til Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller dersom dei andre vilkåra i forvaltningslova for å behandle klagen ikkje er oppfylt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.