Eit trygt og godt opplæringstilbod når skulane er stengde
Elevane har rett til eit trygt og godt opplæringstilbod.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skulane skal strekke seg så langt som mogleg for at elevane skal få opplæring, sjølv om det er ein ny og krevjande situasjon for elevane og skulane. Det er viktig at skulene legg vekt på at elevane skal ha eit trygt og godt opplæringstilbod også i denne perioden.
Kva kan skulane gjere?
Skulane kan oppmode elevane til å vise omtanke for kvarandre og gi døme på korleis dei kan støtte kvarandre ved å bruke digitale verktøy. Skulane bør ha fokus på kva lærarane kan gjere for at alle i ein klasse eller ei gruppe skal føle meistring og vere inkludert i fellesskapet. Det er også viktig at skulen er i tett dialog med heimen og gir oppdatert informasjon om situasjonen. Utdanningsdirektoratet legg ut mykje informasjon på sine heimesider om koronasitusjonen.
Alarmtelefonen for barn og unge
Alarmtelefonen for barn og unge har no ope alle dagar heile døgnet. Mange barn og unge som har det vanskeleg heime er no ekstra utsett fordi skular, barnehagar, fritidsklubbar og andre stader der dei møter trygge vaksne er stengd. Barn og unge som allereie har mange bekymringar, kan kjenne auka trong for å bli sett og høyrd når ei krise rammar. Koronautbrotet i Norge er ei slik krise for mange barn.
Barn, unge og vaksne som er bekymra kan ringe 116 111 heile døgnet.
Ein kan òg nytte SMS på 41 71 61 11 eller e-post alarm@116111.no
Kontaktpersoner
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96