Tilsyn
Regelverket gir barnehagane og skulane felles rammer og mål for eit trygt, godt og likeverdig barnehage- og opplæringstilbod.
Tilsyna våre skal sikre at kommunane og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket.
Vi vurderer risiko
Når Statsforvaltaren skal vel ut kommunar, skular, tidspunkt og tema for tilsyn, baserer vi oss på risikovurderingar. Det betyr at vi vurderer om det er sannsynleg at det skjer brot på regelverket, og kor alvorlege konsekvensane av brota kan bli. Når tilsyna er basert på vurdering av risiko, vil det som regel verte avdekka brot på regelverket i tilsyna.
Ulike typar tilsyn
Nasjonale tilsyn er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet og direktoratet bestemmer korleis desse skal gjennomførast. Nasjonale tilsyn avspeglar område som Utdanningsdirektoratet meiner Statsforvaltaren bør føre tilsyn med. Vårt ansvar vil vere å gjennomføre risikovurderingar i vårt fylke, for å kunne velje ut kva kommunar og skular som bør kontrollerast.
Ved eigeinitierte tilsyn kan vi kombinere delar av nasjonale tilsyn eller lage vårt eige tilsynsopplegg. Desse tilsyna kan i større grad tilpassast vår kjennskap til barnehagen, skulen og kommunen, eller ei konkret hending som har skjedd.
Ved oppfølgingstilsyn kontrollerer vi om ein tidlegare tilsynskommune har gjennomført pålagde endringar eller har gått attende til praksis som er i strid med regelverket.
Eit tilsyn kan vere anten skriftleg eller stadleg. Ved eit skriftleg tilsyn baserer undersøkingane og vurderingane seg berre på skriftleg dokumentasjon frå kommunen. I stadlege tilsyn blir den skriftlege dokumentasjonen supplert av intervju eller synfaring.
Alle vår tilsyn skal vere basert på risiko. Dette betyr at vi må vurdere faren for at det oppstår uønskte hendingar. Vidare uttrykker risikoen sjansen for og konsekvensen av dei uønskte hendingane.
Opning av tilsyn
Vi sender eit opningsbrev til kommunen der vi ber om å få tilsendt dokumentasjon. Kommunen kan klage på pålegget om å send inn dokumentasjon innan tre dagar.
Vi skriv ein rapport
Når Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn, utarbeider vi først ein førebels tilsynsrapport, som kommunen kan kommentere og gi tilbakemelding på̊. Etter dette skriv vi ein endeleg tilsynsrapport.
Dersom det er avdekka brot på regelverket etter førebels tilsynsrapport , vil kommunen få pålegg i endeleg tilsynsrapport om å endre praksis. Kommunen vil få ein rimeleg frist til å rette.
Tilsynsrapportane våre er offentlege og blir publisert på tilsynskalenderen vår.
Kven gjer kva i tilsynsarbeidet?
Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for tilsyn med barnehagar og skular i Noreg. Fylkesmannen gjennomfører tilsyn med offentlege skular. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre tilsyn med private skular.
På barnehageområdet har vi tilsyn med kommunens ansvar som barnehagemyndigheit. Kommunane har sjølve ansvar for å kontrollere at både dei kommunale og private barnehagane følgjer regelverket.
Utdanningsdirektoratet set rammer for, og koordinerer statsforvaltarane sitt tilsynsarbeid. Direktoratet set krav til omfang og korleis tilsyna vert gjennomført.
Fylkeskommunen varetek ansvaret for å gjennomføre eksamen
Vi har ført tilsyn med fylkeskommunen sitt ansvar for gjennomføring av eksamen. I tilsynet har vi funne at fylkeskommunen har ein praksis som er i tråd med krava i regelverket
Publisert 20.12.2023
Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2023
Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2023 har vi gjennomført 33 tilsyn.
Publisert 14.01.2022
Tilsyn på barnehage-, skule- og integreringsområdet 2022
Vi vil føre tilsyn med mellom anna spesialpedagogisk hjelp i barnehage, spesialundervisning i skule og kommunens internkontroll på skulemiljøområdet.
Publisert 17.08.2020
Vårt system for risikovurdering
Kva kommunar, skular eller barnehagar vi opnar tilsyn med, vert styrt av risiko. Det betyr at vi vel å føre tilsyn der vi meiner sannsynet for brot på regelverket er størst. Vi vurderer også kva som er konsekvensane av brot på regelverket. Fylkesmannen har fleire kjelder som kan seie oss noko om dette, som til dømes Elevundersøkinga og innrapportering i BASIL.
Publisert 05.05.2020
Resultat frå tilsyn med gjennomføringa av nasjonale prøver
Fylkesmannen har gjennomført tilsyn hjå 24 skular i åtte utvalde kommunar i Vestland. Tilsynsrapportane syner at det er mangelfull forvaltningskompetanse på mange skular, til tross for at kommunane har utarbeidde malar og retningslinjer for gjennomføring.