Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2024

Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2024 har vi gjennomført 36 tilsyn.

Publisert 17.01.2025

Føremålet med tilsynet er å bidra til at alle barn og elevar lærer, meistrar og trivst i eit inkluderande fellesskap. Tilsynet skal bidra til at rettstryggleiken for barn og elevar vert ivaretatt.

Statsforvaltaren vel kommune og tema for tilsyn på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2024 har vi ført tilsyn med følgjande tema:

  • Skulemiljø
  • Trygt og godt barnehagemiljø
  • Lærarnorma
  • Gjennomføring av spesialundervisning
  • Gjennomføring av spesialpedagogisk hjelp
  • Fylkeskommunen sitt ansvar for gjennomføring av eksamen
  • Særskilt språkopplæring
  • Nasjonale prøver
  • Trygt og godt barnehagemiljø
  • Rett og plikt til grunnskuleopplæring og oppfølging av fråvær
  • Sakshandsamingstid hjå PP-tenesta
  • Organiseringa av oppgåvene kommunen har som barnehagemyndigheit
  • Differensiering av introduksjonsprogrammet og norskopplæring
  • Meldeplikt til barnevernet

Vi har funne brot på regelverket i fleirtalet av tilsyna vi har gjennomført. Når Statsforvaltaren finn at kommunen ikkje har ein lovleg praksis, blir dei pålagde å endre denne praksisen.

Alle tilsynsrapportane er offentlege og er tilgjengelege i den nasjonale tilsynskalenderen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.