Kva kommune bør få Leve hele livet-prisen i 2022?
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-arbeidet i Vestland inviterer deg til å nominere kandidatar til årets Leve hele livet-pris. Forslag kan du sende til oss innan 18. august.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Send forslag til koordinator for det regionale støtteapparatet, Åse Vaag, som du finn under «Kontaktpersonar». Vi ber om at du nyttar nominasjonsskjemaet, som du finn under «Dokument».
Leve hele livet-prisen er Helse- og omsorgsdepartementet sin pris til ein kommune som gjennom kvalitetsforbetringsarbeid kan vise til både planlagde og gjennomførte aktivitetar og gode resultat under Leve heile livet sine innsatsområda. Vinnaren får 100 000 kroner.
Kriterium for Leve hele livet–prisen
Juryen vil vere oppteken av å sjå om og korleis nominerte kommunar har kartlagt, planlagt og tatt stilling til reforma gjennom politiske vedtak og forankring. Juryen skal også sjå på korleis kommunen har kome i gang med implementering og gjennomføring på ein måte som vert lagt merke til av målgruppa.
Hovudmålgruppa for reforma er personar over 65 år, og det er eit ønske og mål at eldre blir involvert og engasjert i det lokale arbeidet, og at dei ser positiv effekt av arbeidet. Juryen vil sjå etter kommunar som har involvert og engasjert seniorbefolkninga, og som jobbar for samskaping med sivilsamfunn, frivillige og næringsliv.
Nominasjonskriteria er:
- Teneste- og samfunnsutvikling: Kommunen har forankra Leve heile livet som ei teneste- og samfunnsreform.
- Systemendring: Kommunen har gjort konkrete endringar på systemnivå og bidrege til å dele dette med andre (og er noko andre kommunar kan dra nytte av).
- Innbyggjarane merkar reforma: Kommunen har konkrete tiltak som befolkninga i alderen 65+ merker.
Utdeling av prisen
Utdeling av prisen vert lagt til den årlege, nasjonale Leve hele livet-konferansen 16. november som er digital og open for alle. Helse- og omsorgsministeren deler ut prisen. Juryen vel ut tre finalistar og kårar ein vinnar på den nasjonale Leve hele livet-konferansen. Alle tre finalistane vil vere til stades i studio.
I 2020 var det Kinn kommune som fekk Leve hele livet-prisen.