Velferdsteknologi som verkemiddel i bustadsosialt arbeid
Høgskulen på Vestlandet har utarbeida ein rettleiar om korleis velferdsteknologi kan gjere det lettare for personar med samansette og langvarige rus- og psykisk helseutfordringar å få tilgong til og behalda eigna bustad over tid. Rettleiaren kan vere til nytte for kommunane i deira bustadsosiale arbeid.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Programmet er gjennomført i samarbeid med om lag 70 kommunar.
Programkommunane gjorde seg mange erfaringar i programperioden, som kan vera nyttige for andre kommunar å kjenna til. Derfor har Husbanken henta inn og samanfatta erfaringer om dei gode bustadsosiale grepa som kommunane gjorde i programperioden. 60 kommunar svarte på eit omfattande spørjeskjema, og Husbanken har samanfatta svara på Veiviseren.no.
Solid forankring, tverrfagleg samarbeid, aktiv, fleksibel og effektiv bruk av verkemidlar, og tydeleg ansvar for koordinering av det bustadsosiale arbeidet er blant utsegna som går att i svara.
På veiviseren.no deler programkommunane erfaringar om sitt bustadsosiale arbeid innanfor temaa forankring og eigarskap, overordna strategi, organisering og samordning, økonomiske ressursar, kompetanse og brukarmedverknad. På nettsida finn du både tekstar, forklaringar og videoar som klårgjer de ulike temaa.