Utvida rett til fritt rettsråd i utlendingsaker frå 1. januar 2025

Det er vedtatt endringar i utlendingslova, utlendingsforskrifta, rettshjelplova og stykkprisforskrifta som gir utvida rett til fritt rettsråd i utlendingssaker. Endringane gjeld frå 1. januar 2025.

Publisert 09.01.2025

Endringane gir rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i desse utlendingssakene:

  1. Sak som handsamast i stornemnd i Utlendingsnemnda med personleg frammøte.

    Stykkprisen i desse sakene er 10 timar salærsatsen. Stykkprisen vert gitt i tillegg til eventuell betaling for arbeid med klage eller krav om omgjering.

    Ein får fritt rettsråd både der saka omfattast av dei prioriterte utlendingssakane i rettshjelplova § 11 første ledd nr. 1 og der saka må vurderast som ei uprioritert sak etter rettshjelplova § 11 tredje ledd.

    Heimelsgrunnlaget er rettshjelplova § 11 første ledd nr. 1 og stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 1 bokstav d.

  2. Sak om utvisning på grunn av pålagt straff eller særreaksjon, når utlendingen har mindreårige born som bur i Noreg og som er norske statsborgarar eller har opphaldsløyve eller opphaldsrett.

    Stykkprisen er som elles i utlendingssakene. Heimelsgrunnlaget er rettshjelplova § 11 første ledd nr. 1 og stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 1 bokstav a.

Du kan lese meir om endringane her: Styrket rett til fritt rettsråd i enkelte utlendingssaker - regjeringen.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.