Høyring om ny integreringslov
Vi har gitt høyringsfråsegn til forslag om ny lov om integrering.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kunnskapsdepartementet sendte 16. august 2019 ut eit høyringsnotat angåande forslag til ny lov om integrering, og forslag til endring i lov om norsk statsborgarskap.
Lova skal bidra til rask kvalifisering
Føremålet med lova er blant anna å bidra til rask kvalifisering av nyankomne flyktningar. Sentrale grep er lovfesting av kompetansekartlegging og karriererettleiing i forkant av oppstart i introduksjonsprogrammet. Lovforslaget skal også bidra til at fleire skal få formelle kvalifikasjonar gjennom formell utdanning i programmet.
Vi er positive til ny lov om integrering
Fylkesmannen i Vestland er generelt positiv til departementet sitt forslag om å oppheve introduksjonslova frå 2003, og innføre ei ny lov om integrering. I vårt høyringssvar har vi tatt konkret stilling til dei forslaga som i stor grad vil, eller kan, påverke vårt arbeid. Dei andre forslaga har vi, ut ifrå vår rolle, ingen kommentarar til.
I menyen til høgre finn du vårt høyringssvar.
Kontaktpersoner
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88