Kongeparet besøker Flåm, Hyllestad og Florø

Kongeparet under eit besøk i Ulvik i 2019.
Kongeparet under eit besøk i Ulvik i 2019. Foto: Maria Nesse Haugen / Statsforvaltaren i Vestland.

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøker Vestlandet frå 15. til 17. juni. Kongeparet reiser med Kongeskipet Norge.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2021

Kongeparet besøker Flåm tysdag, Hyllestad onsdag, og Florø torsdag. Dei ønskjer å lære meir om korleis lokalsamfunna har handtert den pågåande pandemien og kva erfaringar dei har gjort seg.

Informasjon til pressa

På kvar av stadene er det lagt opp til eit program på halvannan time, med den lokale ordføraren som vert. Nærare informasjon til pressa kjem i løpet av neste veke. Det er lagt opp til at media kan dekke besøka i tråd med gjeldande smittevernreglar, og det blir brukt pool i delar av programmet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner