Offentleglova gjeld for BKK AS
Fylkesmannen har gitt NRK medhald i at BKK AS er omfatta av offentleglova.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
NRK sette fram krav om innsyn mot BKK AS og sju av dotterselskapa. Innsynskravet gjaldt innsyn i samanstillingar av lønsutbetalingar og diverse andre utgifter tre år tilbake i tid.
Selskapa i BKK-konsernet har hovudsakleg kommunal eigarskap, noko som betyr at selskapa i utgangspunktet er omfatta av offentleglova, jf. § 2 første ledd bokstav c. Innsynskravet vart likevel avvist for alle selskapa, med unntak for dotterselskapa BKK Nett AS og BKK Eiendom AS. Grunngjevinga frå BKK AS var at BKK AS (morselskapet) og dei seks dotterselskapa BKK Produksjon AS, BKK Strøm AS, BKK Varme AS, BKK Regnskapsservice AS og BKK Breiband hovudsakleg «driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private», og derfor var omfatta av unntaket i offentleglova § 2 første ledd andre setning.
Dotterselskapet BKK Nett AS vart ikkje vurdert å vere omfatta av unntaket, og innsynskravet vart derfor handsama på vanleg måte og delvis innvilga av selskapet. BKK AS viste vidare til at dotterselskapet BKK Eiendom AS ikkje var ein del av konsernet, og at innsynskravet måtte rettast direkte mot dette selskapet.
NRK klaga på BKK AS si avgjerd om at verken morselskapet eller dotterselskapa var omfatta av offentleglova. I tillegg vart det klaga på BKK Nett AS si avgjerd om å gje delvis innsyn.
Fylkesmannen har gjennomgått saka, og har gitt NRK delvis medhald i klagen. Vi har kome til at BKK AS som morselskap i konsernet ikkje er omfatta av unntaket i offentleglova § 2 første ledd andre setning, då vi ikkje kan sjå at selskapet driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. I vurderinga har vi lagt vekt på at BKK AS si verksemd må vurderast på sjølvstendig grunnlag, uavhengig av verksemda i dotterselskapa.
Etter ei konkret vurdering har vi lagt vekt på at hovudtyngda av BKK AS si verksemd gjeld sal av tenester til dotterselskapet, og at den konkurranseutsette verksemda i konsernet i hovudsak vert utført av dotterselskapa. Vi vurderer at verksemda til BKK AS har karakter av å vere intern og ikkje direkte knytt til den konkurranseutsette næringsverksemda til dotterselskapa. Vidare har vi lagt vekt på at den konkurransen BKK AS hevdar å vere utsett for, fell utanfor dei formene for konkurranse som unntaksføresegna er meint å fange opp. Vi kan heller ikkje sjå at BKK AS har godtgjort at verksemda vert drive i direkte konkurranse med andre private energikonsern.
For dotterselskapa BKK Produksjon AS, BKK Strøm AS, BKK Varme AS, BKK Regnskapsservice AS og BKK Breiband AS, kom vi til motsett resultat. Verksemda i desse selskapa er vurdert å vere omfatta av konkurranseunntaket, og selskapa fell såleis utanfor virkeområdet for offentleglova.
Klagen mot BKK Nett AS vart også delvis teken til følgje. Vi slo mellom anna fast at selskapet ikkje hadde heimel for å skjerme namnet på lønsmottakarane i ei bruttolønnsoversikt som NRK hadde fått tilsendt. Dei andre delane av innsynskravet frå NRK var avslegne med heimel i offentleglova § 9, og vi stadfesta BKK Nett AS si avgjerd på desse punkta. Vi kom til at det var godtgjort frå selskapet si side at det ikkje var mogleg å lage ei samanstilling av dei spesifikke opplysningane som NRK hadde bedd om innsyn i «med enkle fremgangsmåter».
Heile vedtaket kan du lese i menyen til høgre. Der finn du også lenkje til offentleglova som vedtaket byggjer på.
Kontaktpersoner
-
Ove Midtbø
Tlf: 57 64 31 76