«Ansvarleg ungdom»
Prosjektet «Ansvarleg ungdom» ved Nav Fensfjorden er no avslutta. Her kan du lese litt om korleis dei har jobba og kva dei har lært av prosjektet og vil tipse andre om.
Nav Fensfjorden er eit vertskommunesamarbeid som gir tenester til innbyggjarane i Masfjorden, Gulen, Austrheim, Modalen og Fedje. Prosjektet «Ansvarleg ungdom» starta i 2021. Nav-kontoret ville gi ungdom frå 10. klasse til 25 år auka kunnskap om personleg økonomi.
Førebygging av økonomiske problem
Eit av hovudmåla med prosjektet var å førebyggja slik at unge ikkje starta vaksenlivet med gjeld, og samstundes gje unge informasjon om Navs tenester og ufarleggjere det å ta kontakt med Nav om ein treng det.
Dei tok kontakt med vidaregåande skule i dei fem samarbeidande kommunane og tilbydde undervisning om kvardagsøkonomi for unge. Dei har vore hjå mange skular i dei fem kommunane.
Nav Fensfjorden fekk gode attendemeldingar frå elevane, og dei opplevde at undervisning om økonomi er naudsynt i skulen. Dei var opptekne av å utvikle undervisningsmaterialet slik at dei unge faktisk blei aktivert og nysgjerrig, og dei brukte blant anna digitale verktøy som Menti og Forms for å ha interaktiv undervisning. Ein nøkkel til å motivere dei unge var at undervisninga var knytt til deira situasjon og interesser. Økonomi kan vere eit tungt tema og undervisningsopplegget måtte endrast og korrigerast undervegs. Dei utvida etter kvart prosjektet og tilbydde også undervisning til 10. klassetrinntrinn. Her var det særleg nødvendig å korrigere undervisninga slik at det passa for yngre ungdommar.
Det har vore ein suksess å møte dei unge utanfor Nav-kontoret. Dei har erfart at det kan vere viktig å finne andre, og kanskje utradisjonelle, møteplassar.
Eigarskap til prosjekt er avgjerande
Nav Fensfjorden meiner leiarforankring er avgjerande for å lukkast med prosjekt. Nav-leiaren har vore ei viktig støtte, har hospitert under undervisninga og følgt prosjektet tett i heile perioden. Leiaren har gitt kommuneleiinga informasjon om prosjektet og har saman med prosjektmedarbeidarar bidrege til at fleire tenester fekk kjennskap til Nav og økonomisk rådgjeving.
Prosjektet har brukt LEAN (kontinuerleg forbetring) som metode. Dei fekk fort ei eiga arbeidsgruppe og fekk støtte av prosessleiar som hadde spisskompetanse på metodikken. Kvar undervisningsøkt har blitt evaluert og dei har analysert innsikta og korrigert. Dette anbefaler dei til andre som driv prosjektarbeid i Nav. Vidare rår dei til at heile Nav-kontoret har eigarskap til prosjektet. Ein bør eige det saman samtidig som ein definerer kven som har hovudansvar. Dei anbefaler også å dele stillinga på to tilsette når ein får midlar til ei stilling.
Prosjektet har samarbeida med andre Nav-kontor i og utanfor regionen. Dei synes det er nyttig å delta på samlingar og møte for prosjekt slik at ein blir kjent med andre sine erfaringar.
Kor går vegen vidare?
Prosjektperioden går mot slutten, men læringa, undervisningsopplegget og metodane tek Nav Fensfjorden med seg vidare. Dei sakna eit verktøy for økonomisk rådgjeving, og det har dei no fått. Dei har utvikla noko dei kan ta med seg og bruke både i grupper og i individuelle møte. «Ansvarleg ungdom» vil leve vidare i heile Nav-regionen som Nav Fensfjorden er del av. Dei tenkjer også at dette kan kommunane ta med inn i oppvekstplanen som eit viktig førebyggjande tiltak.
Vi ønskjer lukke til vidare og vil takke Nav Fensfjorden for godt samarbeid, for at dei har bidrege til å gjere økonomisk rådgjeving kjent, og at dei undervegs har delt erfaringane sine med andre i Nav.